Hei Siri! Hyggelig å treffe deg. Kan du fortelle litt om Oldemors Brudekiste, hvor holder dere til og hva tilbyr dere til kommende bruder?
Oldemors Brudekiste er ein brudesalong som selger vintage brudekjoler i Oslo. Vi tilbyr prøvetimar i studioet vårt i Hagegata 54 på Kampen. Me har til ei kvar tid inne ca. 50 unike vintage brudekjolar frå ulike årstal og i ulike storleikar. I tillegg har me litt tilbehør som sko og slør.
Hvordan startet ideen om oldemors brudekiste?
Oldemors Brudekiste si historie starta då eg for 10 år sidan var forlovar i bryllaupet til systera mi. Ho ville gjerne ha ein vintage brudekjole, og som forlovar var det mi oppgåve å hjelpa henne med det. Men det viste seg å ikkje vera så enkelt å få tak i Oslo. Me trålte Finn.no og alle bruktbutikkar me kom over her til lands, og reiste til og med til Berlin for å leita i vintagebutikkar der – utan hell. Til slutt fekk eg tak i ein nydeleg 70-tals kjole frå USA som med eit par små tilpassingar vart kjolen som sa ja for henne.
I tida etterpå tenkte eg det var synd at det skulle vera så vanskeleg å få tak i ein litt annleis brudekjole, og bestemde meg for å gjera noko med det. Og slik starta Oldemors Brudekiste veldig forsiktig med berre eit par kjolar fyrst og sal via internett. Det viste seg ganske tidleg at det var eit behov for ein slik brudesalong, og litt etter litt har me vakse og fått større utval, og for eit par år sidan opna me eit studio i Oslo der me kan halda prøvetimar.
Hvor finner du kjolene?
Kjolane dukkar opp litt forskjellige stader, og me har hatt kjolar frå mellom anna Argentina, Finland, Spania og USA. Nokre bestiller eg, og når eg er på reise er eg alltid på utkikk etter vintage brudekjolar. I tillegg er det er også fleire damer som oppigjennom har teke kontakt med meg, og vil at eg skal overta brudekjolen og gi han nytt liv etter mange år nedpakka på loftet.
Fra hvilken tidsperiode er de fleste kjolene fra?
Akkurat no har me veldig mange kjolar frå 60- og 70-talet. Men utvalet endrar seg jo litt heile tida, og me tek inn kjolar frå 30- til 90-talet.
Fortell litt om bakgrunnen din, hva var det som dro deg mot vintage brudekjoler?
Eg har alltid vore veldig glad i å leite på loft etter gamle klede etter bestemødre, mødre og grantanter, og alltid sett pris på å arva klede etter systre og venninner. Men at eg skulle starta å selga akkurat vintage brudekjolar var litt tilfeldig. Det var rett og slett fordi eg såg at det var ein type butikk det var eit behov for. Men det er ein fantastisk givande jobb å ha og blir aldri kjedeleg. Alle kjolane er jo unike og forskjellige og veldig vakre på kvar sine måtar – akkurat som brudene som kjem innom for å prøva dei.
Er det mange som velger vintage kjoler i Norge?
På meg virkar det som det blir fleire og fleire. I starten var nok dei fleste som tok kontakt bruder som ynskte seg ein litt annleis stil på brudekjolen enn det ein fekk tak i i vanlege brudesalongar. Men no merkar eg det er fleire og fleire som også er opptekne av miljøaspektet som kjem på prøvetime. Eg trur Jenny Skavlan har gjort ein viktig jobb der, at ho har gjort gjenbruk og vintage trendy og litt meir mainstream.
Hvilket mote-tiår er din brudekjole favoritt ?
Eg synes kvart tiår har sin sjarm. Eg synes 80-talskjolar med puffarmar og store skjørt kan vera fantastisk kule, men er like glad i dei lange elegante kjolane frå 30-talet. Eller bohemske 70-talskjolar, for den saks skuld.
Hvordan ser din egen drømmekjole ut?
Hmm, litt vanskelig å svara på. For på den eine sida er eg veldig glad i dei enkle kjolane med få detaljer. Men på den andre sida elskar eg også meir leikne kjolar med detaljrike overdelar og store kragar.
Hvilke historiske og ikonsike brudekjoler er din favoritt (Grace Kelly, Diana ectra)?
Mange fine å velge så vrient å ha ein klar favoritt. Historia er jo full av så mange spesielle brudekjolar! Men om eg må velga ein kjolefavoritt, trur eg det må bli Mia Farrow sin kjole då ho gifta seg med Frank Sinatra. Med den enkle korte kjolen til det kortklippa håret synes eg ho greier å vera både kul og elegant på ei og same tid.